Over 235.000 overnatta i Stryn mai-september

Fleire overnatta på campingplassane

Det totale besøket ved hotella og campingplassane i Stryn og Nordfjord viser at også 2018 vart eit bra år, sjølv om det ligg an til ein liten nedgong samanlikna med fjoråret. Særleg campingnæringa gjorde det godt.

Vinnar: Campingplassane hadde jamt over eit godt år i 2018. Særleg var det ein auke i besøket frå av nordmenn. Her frå Sunde camping i Oldedalen.   Foto: Ingrid Kvåle Faleide/arkiv

Nyhende

I august presenterte Fjordingen tal frå SSB (Statistisk Sentralbyrå), for gjestedøgn i månadane mai og juni i Stryn og Nordfjord. Desse viste ein nedgang i besøket frå utlandet, og trass auke av nordmenn ved både hotella og campingplassane vog ikkje dette opp for det tapte.