Har ikkje funne tekniske feil ved ulukkesbussen

Det er ikkje funne tekniske feil ved bussen som køyrde utfor vegen og hamna på eit jorde ved Dispen i Stryn.

Buss utfor vegen: Utforkøyringa ved Dispen i august.   Foto: Privat

Nyhende

Det var i august Møreekspressen på veg vestover køyrde utfor vegen med 55 passasjerar ombord. Utforkøyringa skjedde i morgontimane, og passasjerane fortalde til Fjordingen at det var ei skremmande oppleving.

Bussen kom utanfor asfaltkanten, trefte ei skråning ved ein stikkveg og gjorde eit hopp over stikkvegen før han stoppa ute på eit jorde, 138 meter frå staden der han gjekk utfor. Døra vart slått av i møtet med vegkanten ved stikkvegen, og glasbitar låg strødd ut over området.

Bussen har vore til teknisk undersøking på verkstad i lenger tid, opplyser politiet. Bortsett frå skadane bussen hadde fått i utforkøyringa, er det ikkje funne nokon tekniske feil ved ulukkesbussen.

Saka er no ferdig etterforska ved politiet i Stryn og er send over til påtalemyndigheitene.

Det er ikkje mistanke om ruspåverking i samband med utforkøyringa.