World cup i Nizjnij Tagil:

Fannemel skuffa

Det vart med berre eitt hopp for Fannemel i Russland laurdag

Russland Det lukkast ikkje for Anders Fannemel i Russland laurdag   Foto: TADEUSZ MIECZYNSKI

Nyhende

Ingen god start i verdenscupen i russiske Nizjnij Tagil for Anders Fannemel laurdag.

Fannemel sitt hopp på 119 meter kvalifiserte ikkje til deltaking i finaleomgangen og heldt berre til ein 33.-plass.

Honndølen måtte sjå finaleomgangen frå tilskodarplass, men kan trøyste seg med at Johann André Forfang, som låg på tredjeplass etter den første omgang, hoppa seg til siger i andre omgang med 129 meter.

Polakken Piotr Zyla og japanske Ryoyu Kobayashi vart henhaldsvis nummer to og tre bak nordmannen.

Robert Johansson enda på 6. plass og Halvor Egner Granerud fekk 9. plass.