KM i futsal:

Vil forsvare tittelen

Triumferte i fjor: Stryn vann KM for senior i fjor. I helga skal laget forsvare tittelen.   Foto: Stig Høynes

Nyhende

KM i futsal for senior går av stabelen i Førde i helga. Stryn er regjerande meister blant herrane.

Trenar Geir Inge Rake tek med seg to lag til Førdehuset. Stryn 1 spelar i pulje med Anga, Bremanger, Førde 2 og Kjølsdalen, medan Stryn 2 er i pulje med Balestrand 1, Dale, Eid 1 og Eikefjord.

– Vi reiser til Førde med den ambisjonen om å prøve å ta heim KM-tittelen i år og, seier Geir Inge Rake. Laget har prioritert å trene ute, men har funne plass til ei trening i veka innandørs.

Stryn har også  meldt på to lag i dameklassa. Her er det berre ei pulje, og strynelaga skal opp mot Førde 1, Førde 2, Høyang, Jotun og Sandane. Stryn vart nummer to i fjorårets KM.