Jøran Flo opnar atelieret sitt i Hjelledalen:

- Gler meg til å treffe bygdefolk og andre

Jøran Flo lokkar med både gløgg, bilde og kunstprat når han inviterer til førjulsope atelier i Hjelledalen helga 8. og 9. desember.

Travel:– Dei siste åra har eg vore oppteken med utstillingar før jul, men i år gler eg meg til førjulsope atelier i Hjelledalen helga 8. og 9. desember, seier kunstnar Jøran Flo. Den siste tida har vore hektisk med å avslutte ein stor grafikkproduksjon i Oslo. Foto: Privat  Foto: Privat

Nyhende

Ettert nokre år med utstillingar i adventstida, gler han seg no til å gjenta juletradisjonen med ope atelier for fjerde gong.

– Sist gong eg opna atelieret mitt før jul var i 2015. Då var det fullt hus og veldig koseleg med god førjulsstemning. Folk kom heilt frå Ålesund, Ørsta, Eid og Lom. Mange skulle ha den litt ekstra spesielle julegåva til ein utflytta ungdom eller ven, men mange har vel også vore nysgjerrige på dette tunet ved foten av Strynefjellsvegen, seier Jøran Flo til Fjordingen.