World cup i Nizjnij Tagil:

Sesongbeste for Fannemel

Det gjekk mykje betre for Anders Fannemel søndag

I Nizjnij Tagil Anders Fannemel   Foto: TADEUSZ MIECZYNSKI

Nyhende

Etter eit flott og langt hopp på 132,5 meter i første omgang, endte honndølen på andreplass og såleis ein soleklar kvalifisering til finaleomgangen i russiske Nizjnij Tagil.

I finaleomgangen hoppa Fannemel inn til leiing med eit hopp på 128,5 meter og 246,5 poeng og gjorde såleis sesongbeste.

Leiinga varte diverre ikkje lenge for Fannemel som til slutt enda på ein 7 plass som nest beste norske hoppar.

Beste norske vart Andre Forfang som tok 2. plass bak japanske Ryoyu Kobayashi. Polske Piotr Zyla tok siste pallplass.