Store skilnader i kvaliteten på norske sjukehus

Det er store variasjonar i kvaliteten på helsetenestene ved norske sjukehus, ifølgje ein ny gjennomgang. Helsedirektoratet er uroa over utviklinga.

Helsedirektoratet har gått gjennom 120 nasjonale kvalitetsindikatorar i det norske helsevesenet. Skilnadene mellom sjukehus er tydelege. (Illustrasjonsfoto frå Nordfjord sjukehus )  Foto: Gunnhild Sindre/Arkiv

Nyhende

Helsedirektoratet har gått gjennom 120 nasjonale kvalitetsindikatorar i det norske helsevesenet. Skilnadene mellom sjukehus er tydelege.

– Det er òg store variasjonar mellom fagområde på enkelte sjukehus. Dette må helsetenesta ha større merksemd på, seier helsedirektør Bjørn Guldvog i ei pressemelding.

Direktoratet skriv at mykje går i riktig retning, men at utviklinga på enkelte område gir grunn til bekymring.

Pakkeforløp

Eit område der helsevesenet ikkje leverer, og der resultata spriker, er ved såkalla pakkeforløp for kreft.

– Målet er at 70 prosent av pasientane som blir tekne inn i eit pakkeforløp for kreft, skal gjennomføre det innan ein fastsett tidsperiode. Frå mai til august 2018 kjem knappe 64 prosent av pasientane gjennom pakkeforløpa på tilrådd tid, opplyser direktoratet.

Gjennomgangen viser òg skilnad mellom kvinner og menn når det gjeld overleving etter lungekreft. Det er eit mål at minst 20 prosent som får lungekreft, skal vere i live etter 5 år. I dag gjeld dette 24 prosent av kvinnene og 18 prosent av mennene.

Same trend

Tidlegare i månaden vart det lagt fram tal frå 53 nasjonale helseregister, som òg viser tydelege variasjonar i behandlinga ulike stader i landet.

Mellom anna viser registeret at ein høgare del prostatapasientar får radikal strålebehandling i Helse vest, og ein høgare del pasientar blir operert i Helse sør-aust, Helse midt og Helse nord.

Det er òg store skilnader mellom sjukehusa når det gjeld kor lenge pasientar må vente for å få fedmekirurgi, og kor stor del diabetes 1-pasientar med dårleg blodsukkerkontroll sjukehusa har.

– Variasjonen innanfor enkelte område er så stor og uforklarleg, at eg har kalla han ein svikt i den norske helsetenesta, sa helseminister Bent Høie (H).

(©NPK)