To pokalar til Stryn i futsal-KM

Stryn sine seniorlag markerte seg då KM i futsal gjekk av stabelen i Førdehuset i helga.

førsteplass: Stryn vann futsal-KM i Førde. Laget slo Sandane 2–0 i finalen.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

– Ei kjekk avslutning på ein fin sesong, seier trenar for damelaget til Stryn, Halvard Bøe. Laget hans gjekk gjennom turneringa utan tap.

Semifinalen vart spennande, men Stryn drog det lengste strået og vann 3–2 over Høyang. I finalen slo dei Sandane 2–0 etter scoringar av Mariell Taraldset og Hege-Renate Glosvik Espeland.

Siger: Kaptein Astrid Bjørke får pokal og sjekk av Dan Kåre Esp frå NFF Sogn og Fjordane.   Foto: Stig Høynes

Dermed vart det eitt steg opp på pallen frå fjorårets KM då laget vart nummer to.

Førsteplass: Stryn vann futsal-KM i Førde. Laget slo Sandane 2–0 i finalen.  Foto: Stig Høynes

Resultat: Stryn 1-Stryn 2 3-0, Jotun-Stryn 1 1-2, Førde 2-Stryn 1 1-2, Stryn 1-Sandane 3-1, Stryn 1-Førde 1 1-1, Høyang-Stryn 0-2. Semifinale: Stryn 1-Høyang 3–2. Finale: Stryn 1-Sandane 2–0.

Herrane nummer to

Stryn sitt førstelag var regjerande KM-meister blant herrane, og laget spelte seg heilt fram til finalen. Der vart Førde 1 for sterke og vann 1–0.

Resultat Stryn 1: Anga-Stryn 1 1-3, Stryn 1-Førde 2 2-1, Kjølsdalen-Stryn 1 0-3, Stryn 1-Bremanger 1-0, Stryn 1-Jølster 1-0, Stryn 1-Vik 1–0 (kvartfinale), Stryn 1-Sandane 5–1 (semifinale), Førde 1-Stryn 1 1–0 (finale).

Andreplass: Stryn sitt herrelag vart nummer to etter 0–1 mot Førde i finalen. Eit ungt 2. lag kom til åttandedelsfinalen.  Foto: Stig Høynes

Resultat Stryn 2: Stryn 2-Eikefjord 2-0, Balestrand 1-Stryn 2 4-0, Dale-Stryn 2 0-1, Stryn 2-Eid 1 0-3, Førde 1-Stryn 2 3-0 (1/8-delsfinale).

Stryn 2  Foto: Stig Høynes