Statens vegvesen orienterte om E39:

– Ikkje ei god løysing i Vikane

Det er framleis misnøye til E39-løysingar i Stryn, spesielt i Vikane.

E39 i Innvik: Skissa viser korleis E39 vil sjå ut i terrenget i Innvik med påkoplingsveg og bruløysingar. E39-løysing har stor samfunnsnytte, men møter motstand for tenkt påkoplingskryss og traseløysing i Vikane og for kryssløysinga på Svarstad.   Foto: Illustrasjon: Statens vegvesen

Nyhende

Snautt 60 personar hadde møtt fram til vegvesenet si orientering i kulturhuset torsdag kveld. Prosjektleiar i vegvesenet, Ellen Njøs Slinde, orienterte mellom anna om reisetid, tekniske mål og den regionale utviklinga og samfunnsnytta ein ny europaveg vil føre til.

Nokre innspel til frå salen vart det.

Vart orientert: Snautt 60 personar hadde møtt fram til Statens vegvesen si orientering om E39 i Stryn som blir på høyring til 21. januar. Det blir møte om E39 i Innvik i midten av desember.  Foto: Rogr Oldeide

– Dårleg kryssløysing på Svarstad

Jan Træen (Ap) ville mellom anna vite om ei bru på 75 meter er høg nok for framtidas cruiseskip. Som han har gjort før, etterlyste han ei betre kryssløysing på Svarstad enn det sørvende krysset som er tilrådd.

– Om det til dømes er ein bussbrann i tunnelen på Svarstad, så er det ei dårleg løysing for ein brannbil i Stryn som må køyre over brua til Innvik berre for å snu og køyre tilbake og inn i tunnelen, poengterte Træen.

Markane E39-krysset slik det er tilrådd i Markane. Hornindalsvatnet i bakgrunnen.   Foto: Illustrasjon: Statens Vegvesen

Han ville også vite om det var mogleg med tre felt slik at ein kom seg frå tunnelen til Stryn og rv 15 utan at ein må køyre av E39 i Markane.

– Det er mange i Stryn som er skuffa over koplinga frå E39 til rv 15, sa Træen.

– Kostar meir enn nytteverdi

Kurt Skagen i vegvesenet sa at ei slik løysing vil koste meir enn nytteverdien og at ein uansett ikkje tilrår fullverdig kryss på Svarstad.

Arve Fjellkårstad spurde kva prisforskjellen er på desse to alternativa.

– Det er ikkje plass til eit fullverdig kryss på Svarstad, sa Slinde.

Kåre Hauge frå Innvik Ullvarefabrikk var kritisk til plassering av avkøyrsla i Innvik og at vegen vil ligge på fyllingar.

– På kontinentet byggjer ein veg på pilarar som ser mykje betre enn store fyllingar som vil ligge som ei enorm skuggelue i Vikane, sa Hauge.

Han meinte også at avkøyrsla burde leggast ved enden av brua på Frøholm for å spare Innvik sentrum for ei plasskrevjande E39-tilkopling som kjem i konflikt med grunneigarar.

– De seier det ikkje er plass, men det er god plass i fjellet. Det er langt frå ei optimal løysing slik den er skissert, sa Hauge.

– Vi har sett på begge dei skisserte kryssløysingane i Innvik og vi har konkludert med at området i det vestlegaste alternativet er for bratt, sa Slinde.

– Eit kostnadsspørsmål

Ho sa også at fyllingane som vegen skal ligge på vil sjå betre ut enn på skissene.

– Her er dei ekstra godt synlege fordi ein skal sjå kor vegen vil gå, sa Slinde.

– Årsaka til val av fylling er at vi får utnytta dei store mengdene med tunnelmasse. Det er store kostnadar om massane skal deponerast, sa avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden som understreka at det kokar ned til kostnadar.

– Blir kostnadane for store, så blir prosjektet skubba ut i tid, sa Finden.

Jan Træen spurde korleis kostnadane på E39 i indre har blitt såpass mykje større enn først skissert, og viste til diskusjonen som har vore om indre og midtre kryssing av Nordfjord.

Slinde forklarte at ei rekkje faktorar påverkar pris, og at desse ville vore tilsvarande i alle slike prosjekt.

– Det er uansett berre dette prosjektet for E39 vi ser på, forsikra Finden overfor Fjordingen.

Arrangerer E39-møte i Innvik

Den store debatten vart det ikkje torsdag, men fleire Fjordingen snakka med etter møtet uttrykte misnøye med løysingane i Vikane.

Skuffa: - E39 vil ta om lag 100 mål av beite – og dyrkamarka mi. Det er klart eg er skuffa, sa Ove Hammer (til høgre) som er busett i Innvik.  Foto: Roger Oldeide

– Påkøyringa til E39 vil ta nesten 100 mål av beite- og dyrkamarka mi. Det er klart eg er skeptisk, sa Ove Hammer som er busett i Innvik.

Per Kjøllesdal (Sp) har ved fleire høve gitt uttrykk for at E39, frå tunnelmunningen i Utvik til tunnelen i Innvik, ikkje ligg høgt nok i terrenget.

– Eg er særdeles lite nøgd med dette. Alternativ løysing med høgare trase er spelt inn, men vegvesenet tek ikkje omsyn til dette i det heile, sa Kjøllesdal hovudristande.

Utvik: Tunnelutslag i Utvikfjellet. Vegen vil så leggast på fylling mot Innvik  Foto: Illustrasjon: Statens vegvesen

Stryn kommune legg opp til nytt orienteringsmøte om E39 i Innvik i midten av desember.

– Det er fleire som har behov for å diskutere løysinga i Vikane, primært grunneigarar, sa Geirmund Dvergsdal.

Vegvesenet oppmoda alle om å lese om detaljane i planen på vegvesenet sine heimesider. Statens vegvesen si løysing blir lagt ut på høyring fram til 21. januar.