– Vi byggjer for framtida, seier utbyggjar og eigar av Hydla hyttefelt, Otto Vik. Han satsar på å opne klatreparken alt komande sommar og har ei målsetting om 7.000 besøkande første driftsår. Han meiner tilbodet i stor grad er tiltenkt lokalbefolkninga.
Familievenleg: Fem ulike løyper med klatreaktivitetar skal etablerast på moreneryggen på Hydla i Stryn. Leverandør av klatreparken er Høyt og Lavt. Foto: Høyt og lavt Aktivitespark AS
– Både hytteeigarane og stryningane sjølve har etterlyst eit familievenleg aktivitetstilbod i Stryn sommarstid og det skal dei få. Sjølv tenkjer eg på dette som eit bulyst-prosjekt for Stryn, seier Vik.