Basaren fekk ein pangstart med konsert og oppvisning med den nyoppstarta drilltroppen i Hornindal. Dette året har korpset fokusert på norsk musikk, og det å spele litt meir lokal musikk. Første songen på programmet var «Vi tenner våre lykter», så fortsette dei med ein folketone frå Hornindal, nemleg «Om kvelden når det mørkner», der Hege Anett Nygård Seljeset var solist på ess-kornett. «Den du veit» var neste song på programmet og då var drilltroppen med å framførte ein dans med duskar, seinare i programmet drilla dei med drillstavar.
Norsk musikk: Hornindal musikkorps som framførte norsk julemusikk. Foto: Andrea Kroken
Aspirantane hadde også eit program for å vise fram kva dei har øvd på, og saman med dirigent Jan Erik Stokkeland spelte dei fire songar, mellom anna «Bjelleklang» og «Så går vi rundt om en enebærbusk». Før det siste innslaget til korpset vart Connie Bakke, Anders Hjellbakk, Stine Hamre Lødemel og Jan Erik Stokkeland tatt fram på scena og alle fekk utdelt ei påskjønning for sitt arbeid med korpset, aspirantane og drilltroppen.