Stemning med Jul i stallen

Ekte julebukk: Margrethe og Julebukken.  Foto: INFL

Nyhende

1. desember arrangsjerte Indre Nordfjord fjordhestlag «Jul i stallen» og «open stall» i utstillingshallen i Stryn.

Julemoro i stallen: Iselin Bø, Synne Bøe og hesten Nyheims Frisko.  Foto: INFL

Sjølv om vêret ikkje var på topp, kom det folk og hadde moglegheiter for barneriding, klapp og kos med både dyra i stallen. Eit fargerikt selskap med tre forskjellige hesterasar i alle aldrar, der dei yngste var årets føll og eldstefar var shetlandsponnien Apollo på 25 år.

Klare for tur: Margrethe Krogh Oppheim og islandshesten Soland fra Giske ventar på at nokon ville ri i regnvêiret.  Foto: INFL

I tilleg var der ein ekte julebukk!

Julepynta: Aarnes Fjellrose og Aarnes Tindra.  Foto: INFL

Koselig stemning og god mat i kiosken!