Svein og livet med dei mange vendingane

Med unntak av ein ti-årsperiode frå 1950, der han berre var heime i sommarferiane, hadde Svein Sindre budd heile livet på garden i Sør-Markane. Så, i ein alder av 80 år, dukka den andre store kjærleiken i livet opp og i dag er Lillehammer «heime».

Bonde i by’n: Svein Sindre (84) har etablert seg på nytt på Lillehammer. Han flytta frå heimgarden på Sindre i Sør-Markane i 2014 etter at han hadde funne kjærleiken på nytt, og året etter gifta han seg med Inger. I Lillehammer har han halde fram sitt levande engasjement for andre og er flittig innom Frivilligsentralen som ligg like ved torget i Lillehammer.  Foto: Privat

Nyhende

– Eg kom att etter gravferda til systra mi vestpå. Då eg kom dit byen byrjar å kome til syne tenkte eg: Det skal bli godt å kome heim, fortel Svein.