Det meste på stell

Nyhende

Kontrollar gjennomført i Utvik og Hornindal måndag, av totalt 73 lettkøyretøy, synte at det meste var på stell hos dei fleste. Berre ein førar fekk gebyr for manglande bilbeltebruk, medan to førarar fekk skriftleg påpeiking av manglar.

Ved Kjøs var det kontroll av tyngre køyretøy same dag. Også her var det meste i orden, og av dei 15 kontrollerte fekk ein førar åtvaring for brot på køyre- og kviletidsregelverket. To førarar måtte sikre lasta betre før vidare køyring.