Dagens leiarartikkel

Det nyttar å arbeide målretta

Etter at Stryn mista TIP, er det arbeidd målretta, ikkje minst av koordinator for skule og næringsliv

Nyhende

Dagens verbale rosebukett går til skule og næringsliv i Stryn som har kjempa målretta for å få tilbake tilbodet TIP (teknikk og industriell produksjon) ved Stryn vidaregåande skule. Og buketten må sjølvsagt delast med Opplæringsutvalet i fylket som i førre møte samrøystes vedtok å opprette VG1 TIP i Stryn frå komande haust.

At dette vedtaket kom på plass, var langt frå sjølvsagt. Etter at Stryn mista TIP, er det arbeidd målretta, ikkje minst av koordinator for skule og næringsliv Torstein Tvinnereim for å få tilbodet tilbake. For å klare det, må ein gjere meir enn berre å forlange. I botnen ligg klare forpliktelsar som næringslivet må oppfylle, blant anna med tanke på tal lærlingplassar og utstyr til undervisninga.