Regjeringa vil at kommunane skal bestemme kor vatnet skal renne:

Føreslår lovendring for å førebyggje overvatn

Eit våtare og villare vêr gjer at byar og tettstader kan få problem med overvatn. Regjeringa foreslår difor at kommunane skal få bestemme kor vatnet skal renne.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Gunnhild Sindre/Arkiv

Nyhende

– Vi føreslår no endringar i plan- og bygningslova som gir kommunane betre moglegheit til å førebyggje at overvann skadar bygningar og stader der folk ferdast, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.

Fortetting kombinert med klimaendringar og meir regn, kan også gi problem med skadar frå overvatn. Mæland meiner difor kommunane i planlegginga må leggja vekt på å førebyggje slik at det ikkje oppstår problem med overvatn.

Forslaget til lovendringa som no blir sendt over til Stortinget følgjer opp anbefalingane frå overvatnutvalet. Endringane skal gjere det enklare for kommunane å bruke kommuneplanar og reguleringsplanar for å vareta omsynet til vassdisponering.

Kommunane bør planleggje løysingar der naturområde, parkar og dammar tar imot og lagrar regnvatnet. Vegetasjon, kulvertar, grøfter og røyr må bidra til å bremse farten på vatnet og leie det trygt til vassdrag, opplyser departementet.

(©NPK)