Fjellsikring ferdig før jul

Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo seier sikring av fjellsida langs fv 60 mellom Visnes og Stavenestunnelen skal vere ferdig før jul.

Snart ferdig: Kveen AS har hatt hovudansvar for reinsking og sikring av fjellsida på fv 60 mellom Visnes og Stavenestunnelen.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Vi fikk ein del utfordringar undervegs i arbeidet med reinsking og sikring av fjellsida mellom Visnes og Stavenestunnelen, noko som har gjort at det hart teke tid, seier dagleg leiar for Kveen AS, Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo. Undervegs i arbeidet på fv 60 vart det avdekt mykje laust fjell der store steinar måtte fjernast for å trygge trafikken.