Stor glede i næringslivet for linja for Teknikk og industriell produksjon:

Næringslivet jublar for TIP-vedtaket

Næringslivet i Stryn jublar for vedtaket om at Stryn vgs får ein VG1 TIP-klasse (teknikk og industriell produksjon) til hausten.

Stor glede: Det er stor glede i Stryn over at det frå hausten av vert VG1 TIP ved Stryn vidaregåande. Næringslivet er godt i gang med sin del av avtalen: Å skaffe utstyret som trengst, fortel Anita Vinsrygg t.h., styreleiar i Stryn Næringssamskipnad, og Torstein Tvinnereim, koordinator skule/næringsliv.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Opplæringsutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune gjorde i siste møte vedtak om å opprette ei klasse VG1 TIP ved Stryn vidaregåande skule. Vedtaket til Sonja Øvre-Flo og dei andre politikarane i det samrøystes utvalet vart motteke med stor begeistring i Stryn.

– Utruleg kjekt! Dette har vi jobba for jamt og trutt, heile tidan sidan TIP forsvann frå Stryn, seier Anita Vinsrygg, styreleiar i Stryn Næringssamskipnad.