Stopp for Møbelservice Arvid Henriksen:

Punktum for Tippen-stolar

Arvid og Erna Henriksen set punktum for Møbelservice der det i lang tid er produsert populære stolar og trekt om møblar.

Snart slutt: Arvid og Erna Henriksen i verkstaden for Møbelservice der dei har produsert solar i mange år.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Møbelservice Arvid Henriksen i Vikavegen i Stryn skal stenge dørene og har stoppa all produksjon av Tippen-stolar. Arvid og Erna Henriksen har saman levert kring 6.000 stolar frå verkstaden.