Fleire utforkøyringar i Stryn og Hornindal

Snøfallet skapte trafikk-kaos

Ein lastebil køyrde utfor vegen ved Hatledal. Det skal ikkje ha oppstått personskade.  Foto: Fjordingen-tipsar

Nyhende

Det kraftige snøfallet og nullføre skapte svært glatte vegar og mange utforkøyringar og kollisjonar tysdag ettermiddag.

I Nord-Markane køyrde ein lastebil av vegen ved Hatledal. Det oppstod ikkje personskade, og bilen vart dregen opp att på vegen etter ei stund med delvis stengd veg.

I Svarstadsvingane på rv 15 fekk eit vogntog problem i halv fire-tida i ettermiddag, ei hending som også medførte ein samanstøyt mellom to personbilar.

- Politiet fekk den første meldinga kvart på fire, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl ved politiet i Stryn og Hornindal.

- Det var eit utanlandsk vogntog som hadde glide ut på sida av vegen. Vogntoget hadde bra vinterdekk, men føraren hadde ikkje lagt på kjettingar. To bilar hadde støytt saman i samband med at vogntoget stod fast. Det var ingen personskade, seier Trosdahl.Det vart lange køar i begge retningar.

- Det tok lang tid å få vogntoget i gang. Det vart drege opp av bergingsbil, seier Trosdahl. Vegen vart opna att etter omlag to og ein halv time.

Lastebilsjåføren som skulle svinge av fv 60 mot Seljeset var heldig at bilen stoppa rett før han hadde reist utfor kanten.  Foto: Bengt Flaten

 

Eit par timar seinare forflytta trafikkproblema seg til fv 60 i Hornindal. Ein lastebil som kom frå Hellesylt-sida og skulle svinge av mot Seljeset skulle stoppe i svingen for å leggje på kjettingar.

- Det gjekk rett fram. Eg hadde ikkje sjans til å unngå utforkøyring, sa sjåføren til Fjordingen. Han prisa seg lukkeleg over at bilen stoppa på kanten av den bratte vegskråninga. Litt meir fart og bilen hadde køyrd bratt utforbakke ned på jordet.

Eit utanlandsk vogntog la seg for langt ut i den skarpe Storesvingen på fv 60 og køyrde i grøfta.  Foto: Bengt Flaten

 

Nærare Grodås køyrde to vogntog utfor fv 60 med kort mellomrom. Første vogntog kom utfor med hengaren rett før Storesvingen. Så kom eit vogntog motsett veg. I møte med annan bil la sjåføren seg for langt inn i svingen, med den konsekvens at det ytre hjulsettet sklei rett ned i den djupe grøfta.

To bergingsbilar, ein frå Stryn og ein frå Eid, var i Hornindal samtidig og løyste etter kvart opp i problema.

Også personbilar køyrde i grøfta fleire stader i indre Nordfjord i løpet av tysdag ettermiddag og kveld, men Fjordingen har ikkje fått melding om uhell med personskade.