Tenning av julegrana i Olden

Det var eit yrande folkeliv i mørkret utanfor Helsetunet i Olden sentrum der forventningsfulle born venta på at julegrana skulle tennast og at nissane skulle kome.

Julestemninga: Så kom julestemninga innover oss i år og. Mange barn, foreldre og besteforelde gjekk rundt julegrana til Olden til Hornmusikken sitt tonefølgje.  Foto: Berit Melheim

Nyhende

Første søndag i advent er det tradisjon i Olden med open kafe og utstilling/sal av husflidsprodukt på Olden Helsetun i samband med julegrantenninga.