Avlyst på grunn av tett skodde

Verdscupopning: Kan Johannes (bildet) eller Tarjei klatre øvst på pallen når skiskyttarane dreg i gong årets individuelle verdscupsesong med 20 km?  Foto: Svein Halvor Moe

Nyhende

Ettermiddagens 20-km i Pokljuka er avlyst på grunn av tett skodde.

Difor vert sesongens første individuelle verdscuprenn flytta til i morgon føremiddag.

Våre to lokale håp i brørne Bø startar begge tidleg på 20-kilometeren, Johannes med startnummer 12 og Tarjei med startnummer 14.

Begge viste gode takter i mix-stafetten søndag, og i den norske sesongopninga på Sjusjøen for halvanna veke sidan delte dei sigrane bokstavleg talt broderleg mellom seg.

Dersom skodda letta går løpet altså torsdag. Dei øvrige norske startnummera er 2 Lars Helge Birkeland, 12 Johannes Thingnes Bø, 14 Tarjei Bø, 44 Henrik L'Abee-Lund, 50 Erlend Bjøntegård, 78 Vetle Sjåstad Christiansen, 108 Sindre Pettersen