Back to the eighties:

PurpleRain er tilbake!

PurpleRain tilbake

Nyhende

Var du ein av dei som sat klistra då Radio Stryn hadde sine legendariske sendingar med musikk og plateprat, PurpleRain?

Gled deg: For ei kort stund er våre radioheltar Frode Sunde og Inge Kjetil Sandvik tilbake i studio for å gjenopplive det legendariske radioprogrammet!

Det skuldast sjølvsagt Radio Stryn si jubileumsfeiring.

- Kjemien var som i gode gamle dagar, seier Frode etter opptaka sist helg.

-  Vi var begge enige om at det var veldig gøy med radio igjen. Eg satt i Radio Stryn under Strynemessa i 1996 då TV 2 ringde og tilbydde meg jobb. Inge har vel ikkje laga radio sia 1994. Vi blei kjende då vi begge var med og jobba med prøvesendingane til Radio Stryn sommaren 1987. Då jobba vi team med Einar Skjerven, Stig-Arne Skjerven og Birger Meland. Då Radio Stryn starta opp med ordinære sendinga i 1988, starta vi med musikkprogrammet "Purple Rain".

Programmet gjekk framover til 1991.

- Inge hadde med seg Stig Kjøsnes og Sigbjørn Kirkeeide i perioda når eg var vekke i militæret og på skule. Vi spelte inn to program no, og var mest irritert over alle låtane vi ikkje fekk tid til å spele. Vi var einige i at vi kunne lett holdt det gåande gjennom heile helga!