E39-kryss i Innvik vil rasere beite- og dyrkamark:

Får vegen gjennom hagen

Grunneigarar i Innvik er bekymra for E39 si tilrådde kryssløysing. Gunn Bente Skåden som får vegen tett ved stoveveggen.

Midt på vegen: Gunn Bente Skåden bur i huset til venstre. Om vegvesenet si tilrådde kryssløysing blir bestemt, går Skaaden her midt på vegen, noko lågare i terrenget. Tilkomstvegen til E39 vil også ta mykje av beite- og dyrkamarka i Innvik til bønder og grunneigarar sin store frustrasjon.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Statens vegvesen si tilrådde E39 løysing mellom Hornindal og Byrkjelo engasjerer. Løysinga med sørvendt kryss på Svarstad i Stryn har vore gjenstand for debatt, men i Vikane er det frustrasjon etter vegvesenet si tilråding til plassering av tilkomstveg til E39.