Fylkestinget i Sogn og Fjordane vil overføre kraftaksjar til kommunane - Hordaland-politikar trugar med sanksjonar

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok tysdag ein intensjon om å overføre inntil 80 prosent av aksjane som fylkeskommunen eig i Sogn og Fjordane Energi AS til kommunane i fylket.

Høg temperatur: Det vart kraftig debatt og relativt høg temperatur på møtet i fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane, då hordalandspolitikarar stilte spørsmål ved avtalepunktet om Sogn og Fjordane sitt fond på inntil 1,5 milliardar kroner.   Foto: SFFK

Nyhende

– Dette er eit viktig retningsval fylkestinget har teke om korleis ein vil gå fram for å sikra at kraftverdiane som er skapt i fylket kan bli verande i Sogn og Fjordane i framtida, seier fylkesordførar Jenny Følling i ein kommentar på nettsidene til fylkeskommunen.