Fylkesvåpen utsett

Best for vest: Fagkomiteen meiner våpenet oppe til venstre er beste forslaget til fylkesvåpen for Vestland fylke. Det oppe til høgre og det nede til venstre er «godt eigna», medan det nede til høgre «eigna», meiner komiteen.   Foto: Vlfk.no

Nyhende

Møtet i fellesnemnda der politikarane skulle drøfte val av fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune, vart avlyst. Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane vil vedta nytt fylkesvåpen på første møte i 2019. Bakgrunnen er signal om at politikarane ynskjer lengre tid til å vurdere forslaga som ligg føre til nytt fylkesvåpen, opplyser fylkeskommunane i ei pressemelding.