K.A. Aurstad er konkurs

K.A. Aurstad er slått konkurs.  Foto: Knut Arne Aarset, Sunnmørsposten

Nyhende

(Sunnmørsposten): Søre Sunnmøre tingrett har opna konkurs i K.A. Aurstad, etter oppbod frå selskapet sjølv. Selskapet som har over 200 tilsette omsette for 390 millionar kroner i 2017 og over ein halv milliard året før.

Advokat Håvard Wiker i Oslo er oppnemd som bustyrar etter konkursen. Han stadfestar at selskapet er konkurs, men kan ikkje seie så mykje meir.

- Eg kan ikkje svare på noko enno, sidan eg berre har hatt papira i hende i ein time. Eg er framleis i Oslo, men på veg oppover til Ørsta no, seier Wiker til Sunnmørsposten.

K.A. Aurstad har slite og hadde i fjor eit underskot på 28,2 millionar kroner.  Selskapet har hatt store tap på eit prosjekt på E6 i Sør-Trøndelag. Det pregar årsresultatet for 2017.


212 tilsette ramma

I ei pressemelding frå selskapet torsdag går det fram at 212 tilsette er ramma av konkursen. Vidare heiter det følgjande:

- Det er med tungt hjarte at styret i bedrifta måtte konkludere med at det ikkje var nokon annan utveg enn å melde oppbod. Det har over ei tid vore gjennomført eit omfattande arbeid for å finne ei løysing på dei utfordringane selskapet har hatt. Kostnadskutt, effektivisering og reforhandling av inngåtte kontraktar har ikkje vore tilstrekkelig for å få positive resultat i selskapet.

- Selskapet har også arbeidd med innleigd kapasitet og ekspertise og fått utarbeida ein restrukutreringsplan, men trass iherdig innsats har det ikkje lukkast å få på plass tilstrekkeleg finansiering til å gjennomføre denne planen.

Ørsta-ordføraren om konkursen: - Forferdeleg og dramatisk

Stein Aam (Sp) seier han er uroleg for arbeidstakarane. Trur likevel ein kan kome fram til gode løysingar for dei.


Store tap knytt til eitt stort vegprosjekt

Hovedårsaka til dei økonomiske problema blir oppgitt til at K.A. Aurstad i 2017 vart påført betydelege tap knytt til eitt stort vegprosjekt.

- Utviklinga i prosjektet har dessverre ikkje vore positiv, noko som har påført oss ytterligare store tap utover i 2018. I prosjektet har K.A. Aurstad vore underentreprenør. Prosjektet har sidan oppstart september 2017 vore svært krevjande. Hovudentreprenør har etter K.A. Aurstads oppfatning, i strid med avtaleverket, utarbeida og så langt gjennomført ein plan for arbeidet der K A Aurstads arbeid har vore gitt liten prioritet. Dette har medført at K.A. Aurstad har blitt tvungen til å arbeide svært uhensiktsmessig, og såleis blitt påført store økonomiske tap. Hovudentreprenør har bestridt økonomisk ansvar for dette. Pr. dato har K A Aurstad hatt eit direkte tap på dette prosjektet på over 80 mill, samstundes som prosjektet også har tatt mykje av selskapets administrative ressursar som skulle vert nytta til andre arbeidsoppgåver, heiter det i meldinga, som er signert adm.dir. Jo Stian Tverberg og styreleiar Kjell Arne Aurstad.

Ifølgje entreprenørens eigne nettsider har K.A. Aurstad følgjande aktive prosjekt:

E39 RotsethorntunnelenStatens VegvesenK.A. Aurstad AS, BKK Enotek AS, Norsk Bergsikring AS32 mill.2019
Dam StrandevatnE-CO Energi ASK.A. Aurstad AS75,3 mill.2019
Skredsikring VallabøenØrsta KommuneK.A. Aurstad AS22 mill.2018
SvendsengardenØrsta KommuneK.A.Aurstad AS6 mill.2018
FV 659 Nordøyvegen K2Statens VegvesenK.A. Aurstad AS20,9 mill.2018
E6 SoknedalStatens VegvesenAF Gruppen312,3 mill.2020
Fv 17 Lia Fjell - OlvikvatnStatens VegvesenPNC Norge AS74,5 mill.2019
Store LungegårdsvannBybanen UtbyggingNCC18 mill.2017
Håmyrane SambindingsvegVolda KommuneK.A. Aurstad AS10,8 mill.2018
BotnavegenVolda KommuneK.A. Aurstad AS14,7 mill.2018
Fjordsti Sogndal sentrumSogndal, Sogndal 6856Sogndal kommuneK.A. Aurstad ASca 16,3 mill.2018
Hustomter KleppKleppevegen, Volda 6100PrivatK.A. Aurstad AS2,7 mill.2017
LerumtomtaSogndal, Sogndal 6856Veidekke ASK.A. Aurstad ASca. 2,4 mill.2017
Ulvahaugen ØvreSogndal, Sogndal 6856Åsen & Øvrelid ASK.A. Aurstad ASca 5,4 mill.2017
Håmyrane BustadfeltRaudmyrvegen, 6100 VoldaDin Bolig ASK.A. Aurstad ASca 55 mill.2018
Sunnfjord NæringsparkMoskog, Førde 6800Førde KommuneK.A. Aurstad ASca. 36 mill.2017
Bjørdal industriTorvmyrane , Hovdebygda 6160Bjørdal IndustriK.A. Aurstad AS2 mill mill.2016
Melsgjerdet næringsområdeDalevegen, Ørsta 6150Ørsta kommuneK.A. Aurstad AS26,8 mill.2017
E39 Ekset gang- og sykkelvegMoskogvegen, Volda 6100Statens VegvesenK.A. Aurstad AS22,5 mill.2017
Dammer BreiseteSogndal kommuneK.A. Aurstad ASca. 9,5 mill.2017
E39 Svegatjønn - RådalRådal, HordalandStatens VegvesenImplenia Norge AS125 mill.2018
rv. 5 LoftesnesbruiLoftesnes bru, Sogn og Fjordane 6856Statens VegvesenAurstad/ Porr319 mill.2018

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten