Stryningar på bylags-samling

Tre stryningar deltok på region vest si bylagssamling i handball sist helg. Samlinga vart arrangert i Trivselshagen på Sandane.

Handball: Marie Johannsdottir (t.v), Abdulbaset Aljajeh og Joanna Øvre-Flo deltok på regionen si samling førre helg.   Foto: RV

Nyhende

Gjennom samlingar i løpet av sesongen vert det bestemt kven som får representere regionen i ei bylagsturnering i Stavanger i mars.

Frå Stryn deltok Marie Johannsdottir og Joanna Øvre-Flo på jentesida, medan Abdulbaset Aljajeh, som spelar for Dale, deltok på gutesamlinga. Alle fødde i 2003.