Tenkeår på Bali gjorde Åse til møbelgründer

Frå ein verkstad på Kjelsås har Åse Ørjasæter utvikla sitt eige, heilt unike møbelkonsept. Med material frå Bali og kreativitet frå Stryn har ho skapt By Bjørkheim .

Snikkar: I starten måtte Åse Ørjasæter tilkalle sambuaren kvar gong noko skulle kappast. Til slutt gav han henne eit lynkurs og no fiksar ho det meste sjølv i lokala på Kjelsås i Oslo, der By Bjørkheim held hus med både verkstad og utsal.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Det var våren 2011 og eit hektisk liv med utvikling av klede, armband og anna tilbehør i Aloha Hemp hadde kravd sitt.Dei tre gründerane Åse Ørjasæter, Christine Lunde, begge stryningar, og Nelly Torvik var komne til eit vegskilje.