Per Bolstad plass:

Kan få kunstig skøytebane

Det er ikkje aktuelt med skøytebane på Per Bolstad plass – i tradisjonell forstand.

Per Bolstad plass: Sentrumsplassen er under ombygging og skal stå ferdig i mai. Det har vore uttalt ønskje om skøytebane her vinterstid. Stryn kommune vil vurdere alternativ.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Det har vore eit uttalt ønskje og stort engasjement kring etablering av ei skøytebane på Per Bolstad plass dei siste vekene. Ideen, som er fleire år gamal, vart igjen aktuell når det no går føre seg graving på sentrumsplassen som er under ombygging.