Låge fellingstal på hjort

- Langt færre enn vanleg

Ved inngangen til desember og slutten av hjortejakta, er det felt vel 700 dyr i Stryn og vel 150 i Hornindal. Dette er noko mindre enn vanleg tre veker før slutt.

Mindre felling: Det er felt noko mindre hjort enn vanleg ved tampen av jaktperioden.   Foto: Arkiv

Nyhende

– For Stryn er det langt færre enn vanleg på denne tid. Berre halvparten av dei tildelte løyva, seier miljøvernleiar Odd Rønningen. Han vonar det vil endre seg når det kjem snø og dyra søkjer ned frå fjellet, men det blir truleg ikkje rekordjakt.

– Det er langt frå målsetjinga, seier Rønningen, men legg til at det er ikkje noko mål i seg sjølv å fylle alle kvotar.