Dagens leiarartikkel

Spel om milliardar

Høg temperatur: Det vart kraftig debatt og relativt høg temperatur på møtet i fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane, då hordalandspolitikarar stilte spørsmål ved avtalepunktet om Sogn og Fjordane sitt fond på inntil 1,5 milliardar kroner.   Foto: SFFK

Å truge sin nye ektefelle med hevn, er uansett heilt feilslått både i politikken og i andre samenheng

Nyhende

Sogn og Fjordane fylkesting ønskjer ikkje dele verdiane av aksjane fylkeskommunen har i Sogn og Fjordane Energi med Hordaland, og har i staden vedteke ein intensjonsavtale om å overføre inntil 80 prosent av aksjane til kommunane i Sogn og Fjordane. Vedtaket føreset ei rettskraftig avgjerd om at overføringa til kommunane i Sogn og Fjordane ikkje utløyser forkjøpsrett for Bergenshalvøen kommunale kraftselskap (BBK) som er den nest største eigaren i Sogn og Fjordane Energi og som meiner dei har forkjøpsrett til aksjane.