Støtte til spiseriet og skifelt-NM

Utviklingsutvalet i Hornindal løyver 58.000 kr til Løvland spiseri og 35.000 kr til skifelt-NM.

Får pengestøtte: Gry Elverum ved Løvland Spiseri får inntil 53.000 kroner til bygging av lokale til produksjon av mat og kursverksemd i dei nye kafelokala på Grodås. I tillegg vankar 5.000 kroner til nytt skilt.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Løvland Spiseri har flytta i nye lokale på Grodås og ønskjer her å utvikle drifta vidare. I søknaden til næringsfondet kjem det fram at dei ønskjer å nytte eigenprodusert mat, helst frå lokalmiljøet, og vil difor etablere eit produksjonsrom i kjellaretasjen.