Hjelp til bønder når livet buttar

Stort arbeidspress, usikre inntekter og ingen å dele bekymringane med. Kvardagen for mange bønder kan vere krevjande. No skal det bli lettare for bønder som slit å få hjelp.

I BRESJEN: – Det er framleis slik at det er lettare å gå til fastlegen med eit brekt bein enn tunge tankar, seier Ivar Erik Ree, prosjektleiar for 'Unge bønders psykiske helse". Han meiner det er viktig å bryte ned tabua rundt psykisk helse og gjere det lettare for bønder som slit, å søke hjelp.   Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Nyhende

– Det blir snakka veldig mykje om god dyrevelferd, engasjerte bønder og smarte klimaløysingar, men veldig lite om psykisk helse, seier Ivar Erik Ree i Mental Helse Ungdom.