Bogeskyting i Gaularhallen

Bogeskyting: Bak f.v.: Karoline Hatledal, Jan Ove Hogrenning, Jakob Vinsrygg, Øyvind Andersen og Ladislav Krapka. Framme f.v. Ane Tenden Nesje, Kristin Bødal, Maren Loen og Julie Flølo Herrevold.   Foto: Privat

Nyhende

Utøvarar frå Loen Bogeskyttargruppe deltok førre helg på stemne i Gaularhallen.

Det var stemnet «Adventspila», arrangert av Førde Bogskyttarklubb, som gjekk av stabelen.

– Ni skyttarar stilte frå Loen Bogeskyttargruppe, som trening og ei oppkøyring mot NM som vert arrangert i Førde til våren. Ingen plasseringar denne gongen, men mange gode erfaringar å ta med seg vidare. Dei nye skyttarane fekk og prøve seg i konkurranse for første gong, og hadde god støtte i dei erfarne trenarane våre. Primus motor Jan Ove Hogrenning og Øyvind Andersen både konkurrerte sjølv og kom med tips og hjelp til resten av oss i laget. Alt i alt ein sosial og lærerik dag, fortel Karoline Hatledal i bogeskyttargruppa.