Fantomløp av Johannes Thingnes Bø

Ustoppeleg: Johannes Thingnes Bø var i ein klasse fort seg på sprinten i Nove Mesto.  Foto: Nordic Focus (arkiv)

Nyhende

Johannes Thingnes Bø gjekk eit av sine beste løp i karrieren då han gjekk til topps på sprinten i Nove Mesto torsdag.

Stryningen var i ein klasse for seg frå start til slutt i verdscup-rennet i Tsjekkia, og to fulle hus og full fres i skisporet sikra Thingnes Bø ein ny siger på tida 23.09,9, 21 sekund føre Alexandr Loginov frå Russland. Martin Ponsiluoma frå Sverige var 54 sekund bak Markane-ekspressen i mål.

Tarjei Bø fekk ein strafferunde på liggande skyting, men ein «Bø spesial» på ståande skyting gav håp om pallplass. Han vart derimot sliten mot slutten, men 8. plass, 1.09 bak Johannes, gir eit godt utgangspunkt framfor jaktstarten laurdag.

Martin Fourcade hadde ein ny svart dag, og fire bom gav ikkje betre enn 43. plass, over to minutt bak Thingnes Bø.

Johannes har vunne alle tre sprintrenna så langt i verdscupen denne sesongen.

Les også: Johannes har juleønsket klart.