Romjuls-futsal i Stryn

2. juledag er det tradisjonen tru duka for futsal-turnering i Strynehallen.

Futsal: Stabæk-keeper Simen Lillevik har delteke i turneringa fleire gonger.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Som vanleg er det Hardbagg IL som står som arrangør, og klubben har i ei årrekkje teke på seg turneringsansvaret.

– Vi har om lag 20 påmelde lag totalt, seier turneringsleiar Torstein Tvinnereim. Han seier at det enno er plass til fleire lag, og han reknar også med at han får nokre påmeldingar i siste liten. I fjor deltok det 27 lag, 21 herrelag og seks damelag.

«Bergh og Co.» vann damefinalen i fjor med 3–2 over «Stateministers», medan «Gratis pølser i kiosken» vann herrefinalen med 3–0 over «Kuselaget». Romjulsturneringa er eit populært tiltak, og mange av laga som deltek er gjengangarar.