Fannemel i hoppveka:

Blir det ny suksess?

Hoppveka: Anders Fannemel skal i aksjon laurdag.  Foto: TADEUSZ MIECZYNSKI

Nyhende

Laurdag startar ei ny hoppveke for honndølen Anders Fannemel. No skal han forsvare den imponerande 3. plassen samanlagt i fjorårets konkurranse.

Hoppveka startar med kvalifisering i Oberstdorf laurdag ettermiddag, og forhåpentlegvis kjem Fannemel seg gjennom den slik at vi får sjå han i aksjon i søndagens renn.

Fannemel fekk ein god start på hoppveka i fjor med 7. plass i opningsrennet i Oberstdorf. Han følgde også opp med ein 3. plass i nyttårsrennet i Garmisch-Partenkirchen.

Til slutt vart han altså nummer tre, bak Kamil Stoch (Polen) og Andreas Wellinger (Tyskland).