Garmisch-Partenkirchen:

Det begynte så bra

- Det er kjedeleg, seier Anders Fannemel

I Garmisch-Partenkirchen Anders Fannemel   Foto: TADEUSZ MIECZYNSKI

Nyhende

Honndølen gjorde eit langt og godt første hopp på heile 130 meter under den prestisjetunge nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen første nyttårsdag.

Etter første omgang var Anders Fannemel beste norske på ein åttandeplass.

Andre andre omgang gjekk det diverre ikkje like bra med eit hopp på 128,5 meter. Ein tydeleg skuffa Fannemel enda på en 14. plass.

– Det gikk ganske greit, men eg får ikke ut dei beste hoppa i dag heller. Det er kjedeleg, sa Anders Fannemel til NRK.

Beste norske vart Halvor Egner Granerud på 9. plass.

Japanaren Ryoyu Kobayashi vann igjen, denne gong med knappest mogleg margin føre tyskeren Markus Eisenbichler. Med hoppet på 133 meter endte japaneren 1,9 poeng foran Eisenbichler og vann si andre hoppuke-siger på to forsøk.