Tilrår auka bompengeavgift i Kjenndalen

Uendra sidan 2005: Kjenndal grunneigarlag ønskjer ein auke i bompengesatsane på Kjenndalsvegen. 

Nyhende

Kjenndal grunneigarlag søkjer Stryn kommune om å auke bompengesatsane på den private Kjenndalsvegen. Desse har vore uendra sidan 2005. Alle pengane går til vedlikehald og drift av vegen.

Det vert søkt om å auke i takstanefor personbil/motorsykkel frå kr 40,- til 50,- Bobil frå kr 50,- til 70,- og buss frå kr 100,- til 130,-

Årskort personbil er ønska auka frå 150,- til 250,- , medan straffeavgift vert auka frå 200,- til 500,-

Rådmannen tilrår at ein imøtekjem søknaden. Endeleg avgjerd vert teke av formannskapet komande onsdag.