Trenar-troika for Stryn

Tilbake: Johann Sigurdsson skal trene Stryn sitt damelag komande sesong.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Johann Sigurdsson, Arnt Magne Fredheim og Are Njøten tek over trenar-ansvaret for Stryn fotball sitt damelag.

Halvard Bøe gir seg dermed etter ein sesong som hovudtrenar for laget som til slutt vart nummer fire i 3. divisjon førre sesong.

Johann Sigurdsson, som tidlegare har vore trenar for Stryn sitt herrelag i fleire sesongar, ser fram til å trene damelaget saman med Fredheim og Njøten.

– Dette blir kjekt, det er ei flott spelargruppe som har teke store steg siste åra, seier Sigurdsson til Fjordingen. Han fortel at spelarstallen blir om lag som i fjor. I tillegg kjem det opp spelarar frå jentelaget.