- Nye straummålarar har hindra fleire brannar

Alle norske husstandar skal no ha ny digital straummålar. Dei nye målarane har alt hindra brannfarlege situasjonar.

Uvanlege utslag på dei nye digitale straummålarane kan tyde på brannfare. Illustrasjon.  Foto: Arkiv

Nyhende

Med dei digitale straummålarane kan nettselskapa få spenningsmålingar og jordfeilvarsling direkte frå alle kundane sine, ifølgje Teknisk Ukeblad. Uvanlege utslag kan tyde på brannfare.

– I haust fann vi tre tilfelle der det var svartbrent i plasten og isolasjonen i det elektriske utstyret hos kunden. Der veit vi at det kunne vorte brann, seier Silje Ingebrigtsen i Alta Kraftlag.

Også Haugaland Kraft har liknande erfaringar. I vår fekk dei inn målingar som viste kritisk spenningsfeil hos ein privatkunde i Haugesund. Då dei kom til staden, var inntaksboksen raudglødande, og det gnistra frå leidningane.

– Vi har fleire gonger avdekt dårlege klemmeforbindelsar med varmgang som kunne ført til brann hos kundar, seier fagansvarleg for smartnett Svein Inge Djursvoll hos Haugaland Kraft til Teknisk Ukeblad.

(©NPK)