Nytt prosjekt om miljø og forureining i Geiranger

I samarbeid med fagfolk frå inn- og utland set Stranda hamnevesen det neste halve året i gang eit nytt miljøprosjekt i Geiranger.  Foto: Arkiv

Nyhende

I samarbeid med fagfolk frå inn- og utland set Stranda hamnevesen det neste halve året i gang eit nytt miljøprosjekt i Geiranger.

Tiltaket som er eit samarbeid med NTNU i Ålesund og Universitetet i Bonn, skal betre forståinga av korleis ulike faktorar i transportsystemet og meteorologiske forhold verkar inn på nivået av forureining i Geiranger, fortel Sunnmørsposten.

– Rein natur og grøne fjordar er den viktigaste konkurransefortrinnet vi har, og det skal vi ta vare på. Alternativet til å ta avgjerder basert på fakta og halde streng kontroll er at det vert umogleg å ta imot turistar i framtida, seier hamnesjef Rita Berstad Maarak i ei pressemelding.

(NPK)