Slutt for fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Frå 1. januar 2019 blir Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane slått saman til Fylkesmannen i Vestland.

Velkomen og takk for laget: Lars Sponheim t.v. er fylkesmann i det nye Vestland fylkesmannsembete. Anne Karin Hamre t.h., som var fylkesmann i Sogn og Fjordane, vart i 2018 tilsett som ekspedisjonssjef for regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.   Foto: Hans Jørgen Brun/Erik Haugen (montasje)

Nyhende

Det nye embetet har rundt 280 tilsette, og vil ha kontor både på Leikanger, i Førde og i Bergen. Hovudsetet vil vere på Leikanger, medan Bergen og Førde er kontorstader.