Dieselbil står sterkt på bygda

Illustrasjonsbilde.  Foto: Arkiv

Nyhende

Ein av fire i Bygde-Norge ville valt dieselbil om dei skulle kjøpe eller byte bil i dag. Dieselbilen står sterkt i distrikta, sjølv om delen er blitt litt mindre sidan 2017. Det går fram av ei gransking Sentio Research har gjort for avisa Nationen.

– Folk i distrikta brukar å køyre diesel. Familiar som har mykje uventa køyring vil ikkje lade, seier bilseljar Kjell Henry Slapgård hos Nord-Auto i Steinkjer til avisa. Han meiner den naturlege forklaringa på at mange har dieselbil som førsteval i distrikta er dårleg kollektivtilbod. På landsbasis er prosentdelen som vil velje dieselbil i år uendra samanlikna med svara i 2017-granskinga.

Talet som vil velje elbil har auka litt, frå 29 prosent til 32 prosent. Forskingsleiar Erik Figenbaum hos Transportøkonomisk institutt meiner litt av grunnen til stabilt dieselsal på bygda ligg i lange avstandar og låg tettleik av ladestasjonar. Men han trur også det tek tid før nye trendar når grisgrendte strøk.

(NPK)