Leverte 100 tonn torsk og sei før jul

Frå fritidsbåt til kystfiske

Stryningen Sigve Bø og mannskapet hans fiska totalt 100 tonn torsk og sei i nord-Troms i november og desember. – På veg heim leverte vi den største leveransen av fersk fisk til mottak i Tromsø på over 20 år. Ein god inngang til juleferien. Til helga går turen nordover på nytt, fortel Bø.

Mannskapet på Bleiksøy: Frå venstre Even Bø som er bror til Sigve Bø, Oskar Stockfelt og Erling Elsrud som er Sigve B sin svigerfar. Foto: Sigve Bø  Foto: Sigve Bø

Andøy kommune sit på mykje kompetanse som Stryn ikkje har når det kjem til fiske og maritim aktivitet

Nyhende

Sigve Bø starta som fiskar i 2012, som mannskap og tilsett på autolinebåt. Eit år seinare gjekk han over på ein kombinert garn- og linebåt, der han var fram til sommaren 2017.