Gamle Strynefjellsveg

Fryktar at neste steg er minibuss- og bubilforbod

Ordførar Sven Flo er svært kritisk til vedtaket som Oppland fylkeskommune har gjort om forbod mot tunge køyretøy langs Gamle Strynefjellsveg.

Naturoppleving: Sven Flo peikar på den store verdien Gamle Strynefjellsveg har for turistnæringa, både som naturoppleving og den historiske sida ved vegen frå 1894. Arkivfoto: Harald Vartdal  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Saka har vore eit tema gjennom fleire år og stryneordføraren tykkjer vedtaket som no har kome er svært uheldig. At køyretøy lenger enn åtte meter, eller tyngre enn åtte tonn, ikkje skal få bruke vegen, betyr i praksis at turistbussane no er forhindra frå å køyre den nasjonale turistvegen.