No kjem speidarjulebukkane på besøk att

Stiller opp igjen: Speidarar frå 3. trinn som i fjor var klare til å telje opp innhaldet i bøssa. Måndag ettermiddag er det ny julebukkaksjon med strynespeidarane.   Foto: Strynespeidarane

Nyhende

«Ein speidar tek ansvar og viser veg». Slik står det i speidarlova. I dag måndag er det den årlege «julebukkaksjonen», der speidarane frå 3. og 4. trinn tek på seg nisselua og ringer på dørene rundt om i Stryn.

Då får dei høve til å gjere noko for å hjelpe folk i deler av verda der dei ikkje har dei same muligheitene som vi har i Norge – og folk får høve til å gje nokre kroner. Leiarar og eldre speidarar er med og hjelper til.

I år skal KFUK-KFUM Global skaffe pengar til prosjekt som er fordelte på tre land: Tanzania, Palestina og Sør-Sudan. Prosjekta har fokus på ungdommane sine rettigheiter, at dei skal få god opplæring og få vere med å bestemme over si eiga framtid.
Ungdom må få plass i fredsprosessar, i politiske forhandlingar og i lokalsamfunna sine. Det kan vere viktig for å unngå konfliktar og krig.

Det er viktig for å unngå urettferd, fordi det viser seg at barn og ungdommar er veldig opptekne av fred og rettferd.
Slik er speidarane i Stryn også med på å oppfylle eit anna punkt i speidarlova: «Ein speidar arbeider for fred».

For speidarane er dette ein morosam og god måte å samle inn pengar på, og alle som deltek, kjenner at dei er med på å gjere noko som er viktig. Vi håpar folk vil ta godt imot dei unge julebukkane. På førehand, takk, fortel Jarle Hessevik for strynespeidarane.