Snøskredfare også på vegar og flatmark

Røde Kors ber turgåarar og reisande vere bevisste på at vått vêr kan føre til skred som rammar langt utover sjølve skredområdet.
Nyhende

På Nord-Vestlandet var snøskredfaren for store område gradert til det nest høgaste nivået i helga. Måndag er faregraden moderat, men den kan fort bli auka att. Det betyr at skreda kan bli store og nå langt.

Høgare temperatur og mykje regn aukar fare for naturleg utløyste skred, ifølgje Varsom.no

– I første rekke aukar dette faren for skred som kan ramme infrastruktur og bustader, sidan det ikkje er skivêr i desse områda akkurat no, seier Tormod Eldholm i skredressursgruppa i Røde Kors.

Faren for naturleg utløyste skred, altså skred som ikkje blir løyste ut av menneske, er aukande.

– Det som også er viktig å vite, er at naturleg utløyste skred òg kan skape farlege situasjonar i store område nedanfor bratta. Det har skjedd at menneske har vorte tekne av skred i nesten flatt terreng, i det såkalla utløpsområdet for skred, seier Eldholm.

(©NPK)