Ulvedalskongen

Ulvedalstunet ligg høgt og fritt på fjell-platået, rundt 400 m.o.h. Garden er rimeleg gamal, i alle fall frå før Svartedauen (1349). Truleg låg garden aude ei tid etter denne, men «i år 1563 legg Jakob Uluedall skatt», skriv Jakob Aaland.

Frå sogespelet 2007, Sluttakta: «Ivar Ulvedal får Kongens Fortjenestmedalje 1962», på vegner av slekta, for verning av Vetestova gjennom fleire hundre år. Vidar Bergset er Ivar, Ragnvald Støyva er ordførar Drageset.   Foto: Magnhild Støyva

Nyhende

Aaland skriv vidare at det i gamal tid var «tjukk skog og lite tiltøkeleg rudningsjord. Heller ikkje var hamna frakk» Ja, dette er rett sagt. Ulvedalskogen har vore svær, i alle år, medan jorda er grunn og karrig. Det flogbratte Ulvedalsfjellet tillet ikkje naustplass på eigen grunn ved sjøen. Ein måtte lenger aust, på nabogrunn. Slik kan ein seie at garden låg «særs lite meinleg til» men alt i 1626 høyrer vi at garden hadde «temmelig avling» og at brukarane var «temmelig formuende».

Jordeige

Frå «stamtreet» Isak Jakobson er det to greiner som utviklar seg vidare. Oluf-ætta og Antonius-ætta. Ætta etter Oluf, i dag Bruk 1, Ivarbruket, har sete på bruket i ubroten ætterekke i over 450 år, men den direkte far-son/dotter-rekka vart broten i 1979, då Ivar Erikson, som var barnlaus, døydde. Odelen gjekk då til brorson, altså framleis i ætterekkja.

Rundt 1880 var det tre bruk på Ulvedal. Alle hadde husa i klynge i «gamle Ulvedalstunet». Det var Ivarbruket, Mattisbruket (frå Antoniusætta, men denne ætta vart broten), og Arnebruket (som kom til etter «brotet»).

Erik Ivarson Ulvedal

Erik, fødd 1865, overtok Ivarbruket då faren døydde i 1884. Han var då 19 år. Vi har tidlegare høyrt om den store byggesjauen i gamle Sølvbergstunet rundt 1880. Dette var god «gulrot» for ein ung, ambisiøs odelsgut. Her var ein sjølve i ferd med å bryte opp det gamle klyngetunet.

Erke: Erik Ivarson i eldre utgåve.   Foto: Utsnitt frå faksimile

Så her var det berre å fylgje med «Perane» på Sølvberg. Og gjerne overgå dei, var det vel! Byggje «Loftet», som var i to høgder, saman med stova, pluss, pluss! Han kjøpte Arnebruket, med jordvegn og hus, då naboen Arne måtte selje. Så reiv han gamlestova og sette i gang nybygging med ny storstove i hop med loftet. Slik blei det «underverk over natta», og han sjølv innlema i det gode selskap. Ja, for det var berre desse fem storhusa på Ulvedal og Fjelli i vid omkrins på denne tida, og dette var tidleg på 1880-talet!

Ny driftsbygning var bygd alt i 1870, ei grinde-lade utan hjell. Rundt 1900 vart lada forlenga vestover. Seinare er driftsbygningen (og også nyestova) modernisert ytterlegare.

Yngre dagar: Erik i sine yngre dagar, med kona Ingeborg.   Foto: Privat

Etter utskiftninga 1900 flytta «Mattisane» litt lenger aust og nedom. Heretter blei dette «Markustunet». No vart Ulvedalstunet einetun.

Ulvedalskongen

Erik Ivarson Ulvedal (Erke) skulle bli den store «Ulvedalskongen». Dyrka mark over det meste av Ulvedalsplatået. Eigedomen strakk seg frå «Skogane» i vest til «Rabben» og «Høgelidbakken» i aust.

Desse to siste var husmannsplassar. Ei lengde på snaut ein kilometer. Og frå seter til fjord. Total-eigedomen gav også rom for tre eigne bruk, to av desse til søner. Med anna takka vere oppkjøpet av Arnebruket.

Gamle Ulvedalstunet, fram til utskiftninga 1900: Med alle husa frå tre bruk. Då stod Ivar-stabburet nedanfor husa, blei flytta inn i tunet etter utskiftninga. Teikning: Magne Kristiansen  Foto: Magne Kristiansen (teikning)

Garden hadde «alt». Stor buskap, skog, sagbruk, kvern, tjærehjell, smie, treskeverk med hestevandring, jekt (ei tid to), fiskebruk ved kysten, stor frukthage i ei «hylle» i Ulvedalsfjellet og uteslått i «Brekkene» i nordenden av Ulvedalstjønna, for å ta det grøvste. «Tunet» talde 15 bygningar, irekna gardfjøs, stølshus, naust og utløer. Ja, jamvel ein jordkjellar for matlagring, som pluss. Ivarbruket på Ulvedal under Erik si tid, skulle bli den store mønstergarden i sokna.

Mykje nybrotsarbeid kom også til i Erik si tid, med skogfelling, rotfjerning med stubbebrytar og handemakt, rydding, pløying med hest, såing for hand. Røtene og tyrifuru gjekk til tjæremila. Denne ligg der ennå, til liks med dei fleste bygningane. Tjærebrenning var gull. Dette var «olja» i den tid. Det å ha eigen tjærehjell og eigen god furuskog var eins med rikdom. For tjære var naudsynt til det meste, og prisen var god.

Familieoverhovud

«Erke» hadde stor autoritet og mange ombod i kommunen. Han sat i kommunestyret i 30 år, og var med anna finansforvaltar for vegbygginga på Nordsida.

Erik var gift to gongar, først med Johanne Dokset, som han hadde fire born med. Ho døydde berre 30 år gamal. Andre kona var Ingeborg Sætre. Dei fekk heile 12 born. Altså var han far til 16 born. Ein konge verdig!

Erik døydde i 1955, 90 år gamal. Sjølv vanka underteikna mykje i heimen her. Både som granne og «dreng». Visst var han autoritær, men også audmjuk. Som ein kjende han på det siste, var han også husleg, der han og Ingeborg residerte i den romslege «ystestova».

Husa i tunet rundt 1900: Her er «Loftet» bygd saman med nyestova i to etasjar. Legg merke til dohuset ved løegavlen, med den berømte «femsetaren». Og like inntil vegen!   Foto: Faksimile

Denne drengen hugsar godt ei julaftan han var innom som snarast. Erik må då ha dampa «ribba» tørt, for då han bøygde seg fram og opna loket tok det fyr i det fyldige, kvite håret. Men Ingeborg (Ingjebær) var snarrådig med eit handkle over hovudet. Same «dreng» fekk til sist vist den vyrdnad å køyre del av gravferdfølgjet, denne sørgjedagen sommaren 1955 (med melkerute-lastebilen).

Men Oluf-ætta og arven etter «Erke» lever vidare.


Fjordingen hadde før jul også to artiklar om kulturparken på Ulvedal frå same artikkelforfattar. Desse stod på trykk 14. og 21. desember.